Takk for heiahjelp, det har hjelpt meg. Eg er ute kvar dag, om det ikkje blir langt. Er så kaldt i vest.Telemark, og når mor manglar det isolasjonslaget ho hadde i fjor så er ho blitt ein frossenpinn. Her blir eg jo stiv som ein stokk berre gradestokken viser 18 varmegrader inne. På med jakker og ullstilongs. Og då når det er 12-15 minus ute, 2 stilongsar, joggebukse og olabukse, ullundertrøye, t.sjorte, flisjakke og ytterjakke, 2 par vottar skjerf i halse, og ei god lue på toppen. Ser dikkon ho mor for dikkon, stiv av berre klede og ut på tur. Blir jo berre sliten av å kle på meg, men det blir vel ein eller 1,5 km på formidagen på tur. Då er det godt å komme inn til ein varm kopp te ja.